Normally, you don’t want the version control system you’re using to maintain your thesis programs to say segmentation fault every time you update, even if it’s a simple consequence of certain core libraries being updated when the computer was upgraded to Red Hat Enterprise Linux. Luckily they’re not all upgraded yet.
Daily Archive for April 29th, 2004
UTF-8 er Vegen, Sanninga og Lyset. Ein glimrande måte å bruka ikkje-engelske teikn i tekst på, inkludert teikn som engelskmenn og amerikanarar brukar sjølve, ikkje minst aksentar. Det er frykteleg plagsamt med program som ikkje skjønar seg på slikt, og trur at alt er ISO 8959-1. For då ser det slik ut nÃ¥r ein skal drikka skjærgÃ¥rdsølet sitt, og det er jo berre dumt.
Nede ved tunnellbanestasjonen ligg ein butikk som heiter sju-eleven, sju minus elleve, minus fire, alt ettersom. Der er det ein kaffimaskin som, etter mi meining, lagar drikkande kaffi. Denne maskinen kan t.d. laga vanleg kaffi, eller han kan laga espresso, i tillegg til ymse anna fjas. Det er sjølvsagt ein del mindre epresso oppi ein kopp espresso enn det er coffea vulgaris oppi ein kopp coffea vulgaris. Men det er den same koppen i begge tilfella. Eg har framleis til gode å betala noko anna enn vanleg pris for ein dobbel espresso der. Eg har rett nok aldri prøvd, men eg trur ikkje det er halv pris for enkel espresso. Koppen ser ut til å ha plass til ein trippel.
