Kjøpte ny CPU-vifte til vladimir, sidan den han hadde har vore bråkete leenge, så bråkete at det er plagsamt om natta. Dårleg lager. Testa ein hypotese om at det kunne vera rusk i lageret, og satte støvsugaren inntil litt. Det vart litt mindre bråk, og i tillegg så starta ikkje lenger vifta nødvendigvis utan eit par bestemte dunk i toppen av boksen når boksen (eit miditårn) låg på sida slik at hovudkortet var i taket med vifta hengande ned. Det er jo litt dumt, men eg vart heldigvis berga av auto-av-funksjonen den gongen eg oppdaga det ved at maskinen poff stoppa, og då eg skrudde på att, var CPU-en den anstendige kokeplatetemperatur 93 ˚C. Men han overlevde faktisk det.
Så i dag var eg innom rånebutikken i Møllergata og kjøpte ei CPU-vifte med ribbe og slikt. Dingsen var då jævleg mykje større enn den gamle. Sånn passe stillegåande påstår ho sjølvsagt også at ho er, men så lenge lageret ikkje jamrar skal eg ikkje klaga. Viss eg berre får dingsen inni. Denne er meint å kjøla langt kraftigare varmeelement enn ein gamal AMD Moron 750 MHz, og er, som sagt, diiger. Fokken svær, mann.

0 Responses to “CPU-vifte”
Leave a Reply