Sånn. Med absolutte lenkjer burde RSS-straumen fungera med bilete slik at Blogroll vil visa dei. Teit opplegg, men gidd ikkje fiksa noko betre no.
Tek med eit bilete frå i går, slik at eg får testa. Det er eit av dei betre.
For at dette skal sjå bra ut må det vera såpass med tekst mellom bileta at ikkje det fyrste stikk ned i plassen til det andre. Då vert det opne luker, og det er ikkje fint. Kunne kanskje mekka noko betre enn float: right; for å få bileta til å sjå brukbare ut, men det gidd eg ikkje finna ut av no. I staden for å gjera noko nyttig, trur eg eg skal sparka litt i Movable Type-kjeldekoden slik at eg kan få auka breidda på redigeringsvindauget til noko leveleg. Eg meiner, dette er berre teit. Ikkje det at eg kan Perl. Det kan eg ikkje.

0 Responses to “Virkar det no, då.”
Leave a Reply