Daily Archive for October 6th, 2004

Sykkeldrit.

Girvekslararmen framme på sykkelen min har visst bøyd seg, slik at kjeda ikkje er heilt samarbeidande når eg vil til fyrste gir. Drgitt. Klarar ikkje fiksa det sjølv heller. Må eg på verkstad igjen, altså.

Operaball!

Var på Operaballet på laurdag. Det var stas. Slitsamt, men eg fekk vist fram min vakre Sunnhordlandsbunad og mine fråverande dansekunnskapar. Undrast om eg er her neste gong.

Heia sprakradet!

Pub: Skjenkestove.
Det irriterer meg ofte at folk, ikkje minst eg, brukar engelsk der det finst så mange vakre norske ord. Ikkje eit vondt ord om engelsk, men eg vil så gjerne snakka norsk.

Sidesprang: Dataordet “daemon” kan omsetjast til «nisse» på norsk.

Skrifter.

Skulle hatt ein fri Georgia-liknande sak. Fin skrift. Likar henne betre enn Helvetica i denne blåggen.

Fest!

Hadde bra gangfest på fredag. Vart noko full, men ikkje forferdeleg sådan samanlikna med tidlegare merittar. Sofaen eg fekk av Tony er fin, eigentleg. Står litt i vegen førebels, men det var god hjelp i å hiva ut bordet. Fekk eit og anna bra bilete og ein fin film eller to, men eg trur eg må klaga på fokuseringsevna til det kameraet.