Så har eg omcider skrudd i den nye kjølevifta i vladimir. Dermed bråkar maskinen mindre, både fordi vifta er større og dermed ikkje treng å snurra så fort, og fordi lageret er i orden, og dermed ikkje tek til å bråka verre enn høgtalarane mine sånn no og då. Jo, og så er CPU-temperaturen rundt 20 K lågare no.
Medan eg var i gong, kjøpte eg USB2-kontrollør som ser ut til å funka, sjølv om kortlesaren slit litt med den delen. Og eit billeg Radeon 9200-kort. Hurra, 3D i Linux funkar, 3D i Windows er betre. Men underleg er det, når eg slår på så påstår fyrst biosen at det ikkje er skjermkort i maskinen, men etter nokre trykk på o magiske reset-knapp så virkar det pledtfridt, bortsett frå at skjermfrekvensen i Windows er for låg på skrivebordet. Kanskje det ville hjelpt viss eg kopla ut det integrerte skjermkortet på mammabrettet endå litt meir.
