Finn-Erik Vinje har visst mista skaftet sitt. Eg siterer frå «Jg k ik p sk idg. 7k. Koz. 2ne :)» (Astenposten), ein artikkel om den nuværende ungdoms SMS-sprog:
(…) SMS-språket er nærmest en rebus hvor man tvinges til å gjette seg til betydningen. Å bruke et slikt språk i stiler og resonnerende fremstilling er meningsløst, og jeg mener generelt det bryter mer ned enn å bygge opp når tale- og skriftspråk blandes, sier språkprofessor Finn-Erik Vinje.
Hallo? Nokon heime? Dette SMS-språket er ein måte å spara tastetrykk på eit horribelt elendig tastatur. Det er unødvendig tungvint å skriva ein SMS. Slikt forkortingsspråk er ein måte å redusera problemet på. SMS-ar er ikkje norskstilar, Finn-Erik. Ein person som har nok vatt mellom øyrene til å bli Herr Professoren burde faktisk klara å begripa det.
