Daily Archive for July 4th, 2005

Harry Potter?

Så, det kjem visst ei ny Harry Potter-bok straks. Tumtitum. Burde eg lesa om igjen dei gamle, tru? Er jo to år sidan sist, så det blir ein del detaljar som har forsvunne.

Og det blir jo etterkvart ganske interessant korleis filmskaparane skal takla at skodespelarane blir gamle dobbelt så fort som Harry. Dessutan burde det koma meir film snart, dei ligg jo langt bak. Med denne boka blir det tre å ta igjen, og sjølv med ein film i året klarar dei ikkje det viss det blir to år til bok sju.

Når det er sagt: Eg synest ikkje Harry Potter er særleg til litteratur. Pøtt sann. Det er det ikkje meint å vera heller. Det er derimot ei knakande god forteljing, med tre-fire personar og ein drøss pappfigurar på ymse sider i kampen mellom snill og slem.

A Hat Full of Sky

… har vore ute i papirbunden utgåve sidan i mai. Outland og Avalon har framleis ikkje tatt seg bryet med å ta henne inn. Det er ein liten smule teit, men vil dei ikkje at eg skal gje dei pengane eg har satt av til boka, så skal dei saktens få sleppa det.

Astrologi hurra!

Ei øving i praktisk astrologi? I alle fall ingen grunn til å ta tullingane alvorleg enno.

Men for dei som absolutt vil ha horoskop tilrår eg The Onion sine.