Så, det kjem visst ei ny Harry Potter-bok straks. Tumtitum. Burde eg lesa om igjen dei gamle, tru? Er jo to år sidan sist, så det blir ein del detaljar som har forsvunne.
Og det blir jo etterkvart ganske interessant korleis filmskaparane skal takla at skodespelarane blir gamle dobbelt så fort som Harry. Dessutan burde det koma meir film snart, dei ligg jo langt bak. Med denne boka blir det tre å ta igjen, og sjølv med ein film i året klarar dei ikkje det viss det blir to år til bok sju.
Når det er sagt: Eg synest ikkje Harry Potter er særleg til litteratur. Pøtt sann. Det er det ikkje meint å vera heller. Det er derimot ei knakande god forteljing, med tre-fire personar og ein drøss pappfigurar på ymse sider i kampen mellom snill og slem.

0 Responses to “Harry Potter?”
Leave a Reply