På lista over ting eg ikkje likar å oppdaga står m.a. det at fiolinkassa har stått under ein liten lekkasje i sommar, slik at kasse med innhald har blitt fuktig, slik at a) det gror sopp på fele, boge og hakestøtte og b) bogen blir mjuk og mistar spensten. I går kveld brukte eg ei god stund på å demontera fiolinen, vaska over med sprit, og setja ihop igjen. Bogen er merkbart dårlegare enn før, både i hårfeste og spenst. Kva treverket i fiolinen syntest om å vera vått veit eg ikkje heilt, men eg trur i alle fall eg fekk rydda vekk soppen som grodde på halsen. Så er det berre å sjå kva som skjer med lyden i instrumentet. Det blir neppe ei forbetring, men så har jo heller aldri fela lått vent i mine hender.
Pages
Blogroll
Cats
Comics
Free Software
Games I play
Things I do
Kingdom of Loathing