Når eg vert diktator, skal eg tvinga gjennom denne tidsreformen:
Veker vert avskaffa. I staden vert ein bolk på ti dagar innført. Dei fyrste sju dagane er arbeidsdagar, og dei siste tre er fridagar. Det vert trettiseks slike bolkar i året. Dei siste fem dagane vert fridagar. I skotår seks dagar. Nyttår vert flytta til vintersolkverv (nordlege halvkule). Tidsrekninga startar på år 0 det året reformen vert innført.
Samstundes med kalenderreformen vert klokka reformert. Timar, minutt og sekund vert avskaffa. Dagen vert delt i ti like lange deler, som igjen vert delt i ti, som igjen vert delt i ti, som igjen vert delt i ti.
Namna på desse blokkene er ikkje vedtekne enno. Justering av tidssonegrenser vil skje uavhengig av denne reformen.

Enhver tidsregning med respekt for seg selv starter på 1. Kun indeksering av arrayer og likesinnede starter på null.