Vel, eg starta jo veldig kjapt i denne jobben. Så at kontrakten ikkje var klar med ein gong var jo så si sak. Så eg burderekna med to veker eller så før det vart ordning. Det gjorde eg dermed, utan at nokon kontrakt kom. Utan kontrakt, inga lønn. Nuvel. Litt forseinking får ein tola. Har bra med kreditt, så reiste til Göteborg (sjå eigen post).
Tre veker. Ingen kontrakt. Nuvel, har brukbart med kreditt på kontoen enno.
Fire veker. Kontokreditt mager. Får beskjed om at det ordnar seg til helga, reiser på vinterferie.
Fem veker. Kreditt skrapt. Utvida kreditten for å betala husleige og kontaktlinser. Er det meininga at eg skal gå på Dagsen?
14.30 Kontrakt klar. Leser gjennom, signerer. Går tilbake i papirkverna i morgon. Så får eg sjå om det vert $kr på konto snart. Eg tviler litt.

0 Responses to “Kontraktrotfaen.”
Leave a Reply