Daily Archive for October 9th, 2006

Om å reisa via London

Når du reiser til t.d. Spaniens land via London kan du risikera å fly til Heathrow og frå Gatwick eller omvendt. Dette er to ulike flyplassar. Mitt råd: Ikkje gidd. Betal fire-fem hundre ekstra for å sleppa byttet. Det tek minimum to timar, du må henta bagasjen sjølv og levera inn igjen på neste flyplass, bussen kostar £16 (inkl. British Airways-rabatt). På den positive sida kan og bør det likevel nevnast at det er trass alt åttefelts motorveg nesten heile vegen, så det er ikkje like gale som flyplassbytte i t.d. kongeriket Noreg.

Spanien

Var ei veke i Nerja, Spania i lag med frender frå folkehøgskule. Varmt. Fint. Daff daff daff. Utruleg flotte stalakittar i holene der.
No er eg i Noreg att. Kvifor gjorde eg det? Det er kaldt her. Eg kunne blitt i Spania.