Daily Archive for October 19th, 2006

Word word word

Eg driv, i lag med to andre, og skriv ein slik liten rapport om ymse teknikkar for å søka etter og samanlikna gener. Det er ei ganske interessant øving, ikkje minst fordi det minner meg på kva for eit ubrukeleg søppel Word er.

Endringssporefunksjonen er nyttig, for all del. Men altså: Folk™ kan ikkje typografi. Avsnittsbrekking og figurplassering er oppgåver maskinen stort sett klarar betre. Word skal gjera så mykje ræl automatisk, kan ikkje faenskapen gjera noko av det viktige også?