Eg undrast kor mykje bly som skal til for å bli blyforgifta.
Slik fiske med stang (eit svært ineffektivt og uøkonomisk reiskap, men riktig så gøy i moderate mengder) involverer av og til fiske med blylodd. Altså, eit blylodd som dreg kroken til botnars. Kroken sit litt lenger oppe på sena. Blylodd skal altså knytast til enden av sena på noko vis. Nylonsene kan ikkje knytast i turr tilstand, for då vert ho for varm når eg dreg til knuten, og så vert snøret øydelagt av friksjonsvarmen.
Løysinga er å sutta på snøret medan ein knyt. Noko som er litt upraktisk når knuten er i eit stykke bly.
Det går sjølvsagt an å bruka ein hempesvivel, men dei kostar jo eit par kroner (nokså nøyaktig), og du skal ikkje leita lenge på veven før du finn ein puritanar som meiner at slikt er juks. Ikkje at eg har tenkt å bli ein slik.

Er (flue)stang fiske selv, og har tenkt litt på det samme. Men det er vel ett større
problem at tannlegene fyller tung-metaller inn i munnen på folk?
Det kan godt henda, derom strides de lærde. Men slike bagatellar som perspektiv tek eg ikkje så tungt i denne bloggen.