Beltevogn er ein artig konstruksjon som ein ellers ikkje ser så mykje til utanfor forsvaret. Bussvarianten av snøskuter, på eit vis. Eg hadde opplæring på ei slik i dag. I førarhuset bråkar det godt frå dieselmotoren som brøler avgarde i sitt høge turtal, og utanfor vogna suser brøytestikkene forbi i 40 km/t. Evt. så kan ein ta turen av vegen, og ut på flatmark, der vogna kan koma heilt opp i 25 km/t. Når du køyrer så fort oppdagar du kanskje også at lekken «flat» i «flatmark» er ikkje heilt eksakt, og at fjøring ikkje kan utretta mirakel. Ta dessutan turen i godt snøvér og tussmørke, for då får du passeleg låg sikt. Eller i godvér og medvind, for då får du klår sikt overalt bortsett frå framfor vogna når beltene virvlar opp snøen du køyrer i.
Kingdom of Loathing