Geotagging hurra. Garmin == dustar.

Turistane mine har reist ned igjen. Eg har vondt i kontoen. Snøen har byrja å smelta.

Det finst noko som heiter geotagging. Det betyr at du legg inn info i eit bilete om kor du var då du tok det. Så kan du t.d. få fotosamlingsprogrammet ditt eller web-galleriet ditt (jadå, eg veit) til å lenkja automatisk til t.d. Google Maps. (At dei har elendig Svalbard-dekning ser eg vekk frå akkurat no.)

Dette kan gjerast manuelt, eller ved hjelp av ein GPS. GPS er sjølvsagt enklast, men det er eit par ting å passa på, i alle fall viss du har ein Garmin GPSMAP 60CSx. Denne er nemleg så viseleg innretta at han ikkje berre automatisk lagrar alle stader du har vore (med GPSen slått på) heilt til sporminnet går fullt, men han er også så smart at når du lagrar sporet ditt for å ta betre vare på det, så krympar han det ved å ta vekk punkt der du har gått i rett linje eller gått sakte, slik at sporet ikkje tek opp stor plass. Og for å vera ekstra lur så filtrerer dingsen vekk uvesentleg info så som høgde over havet og klokkeslett.

Utan klokkeslettet er det ikkje mogleg å kopla fotografi med GPS-sporet. Takk skal de faen meg ha.

Løysinga er ei av:

  1. Last ned den aktive (og dermed ufiltrerte) sporloggen før du lagrar på GPSen, og bruk denne i geotagging-programmet ditt.
  2. Bruk funksjonen som i alle fall min GPS har, og sikkert eit par andre av dei nyare Garmin-modellane har, som er at han lagrar GPS-sporet kontinuerleg til minnekortet i tillegg til den vanlege sporloggen. Dermed har du ein separat sporkopi som GPSen ikkje gjer noko meir med.

Eit veldig fint Mac-program til å leggja inn GPS-info i fotografi er GPSPhotoLinker (gratis, lukka kjeldekode). Det kan lasta ned spor frå GPSen sjølv, og kan skriva til RAW-filer (risikabelt, men fint). Eg veit ikkje heilt kva som finst til Windows eller Linux, sidan eg ikkje har leita.

This entry was posted in Svalbard, The wonderful world of free software, The wonderful world of hardware. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>