Det er på tide å gje opp håpet om skuterturar, men eg fann ut at eg skulle prøva meg på ein siste tur til Hiorthfjellet, på andre sida av fjorden, før eg sette Schnell-Helga på stallen. Det gjekk ikkje så altfor bra. Det øvste laget av Adventdalen har stort sett tint, så det var vanskeleg å finna eit kryssingspunkt. Turen dit foregjekk om lag slik:

- Hit ville eg
- Start
- Sett seg fast, kom laus med eigen motor
- Ut i dalen
- Her var det litt vatn, ja. Får halda meg til løypa nær vegen.
- Kor vart det av løypa? Var det denne?
- Kanskje det ikkje var det.
- Nei, det var det nok ikkje. Her var det vått.
- Nei, her er det vått.
- Greit, dette går ikkje. Men eg kan ikkje stoppa heller, for eg køyrer på sørpe og vatn.
- Å faen.
- Løype eller ikkje: Tilbake til bilvegen.
- Faen til vatn. Fortare. Fortare!
- Puh. Trygg grunn. Berre ikkje velt i svingen.
- Nei, dette er ikkje meining i. Her kjem eg ikkje over nokon stad. Køyr heim.
- Fyll opp tanken, less av bagasjen.
- Køyr i retning lagerhallen.
- Atte, det er ikkje snø her.
- Vel, så køyrer me på grusveg. Stakkars Helga.
- Au. Gruslyden gjer vondt i øyrene.
- Ved Rubbhallen. Parker. Trask heim.
Ein tøffare sjåfør enn meg hadde nok kome seg over, men eg likar ikkje så godt å køyra over vassgroper som eg ikkje anar djupna på eller grunn som sviktar under skuteren. Eg er heller ikkje så glad i kjensla av skuter som søkk sakte ned eller som berre grev seg djupare ned når eg gassar på.
Så langt kom siste turen. No er det ikkje meir leiking med Helga før neste mørketid.





I det siste har det vore varmt og godt, det har vippa rundt frysepunktet. Ein del sol, ein del snø.

Ein skulle kanskje tru at snø var bra, men fjellsidene kvitnar ikkje lenger. Dei er for varme. Snøen legg seg litt på flatene, men vegane vert stadig meir bare. Det har vore eit blaff med frost og glaserte vegar, men det gav seg att. I dag var det mest vatn og slaps gatelangs. Det har ikkje vore ein drope regn så langt i år, men likevel var det våt asfalt dei fleste stader i dag, og der det før var is framfor UNIS var det no mest sørpe.

Eg prøvde å klyva opp på Hiorthfjellet i dag. Eg snudde i den fyrste bratte kneika, nokre få hundre meter frå TV-mottakarhuset, sidan lyset var fullstendig flatt, og sporet forsvann i eit lag nyleg påblåst snø som minte faretrugande om prima snørasmateriale. Nett då eg hadde kome meg ned igjen til motorkjelken klarna det opp ein liten augneblink slik at eg kunne sjå at sporet dukka opp att hundre meter eller så lenger opp frå der eg hadde snudd. Men eg fekk i det minste fotografert eit fagert lysspel på fjorden, så det var ikkje heilt meiningslaust.

Våren kjem fyrst på vegane i Longyearbyen, så på resten av øya. Ikkje så rart, kanskje, vegar er ofte isolerte frå bakken under på godt og vondt. Då eg køyrde for å tanka vart det vondt. Det er fint lite igjen av løypa bort til bensinstasjonen. Eg kan godt venta til neste sesong med å køyra dit. Det kan godt vera det er mogleg å dra på langtur ut mai, men frå neste veke er det ikkje sikkert det er mogleg å kryssa Longyearbyen. Fjella svartnar time for time. Det er nok på tide å tinga sommarplass til Helga.