I det siste har det vore varmt og godt, det har vippa rundt frysepunktet. Ein del sol, ein del snø.
Ein skulle kanskje tru at snø var bra, men fjellsidene kvitnar ikkje lenger. Dei er for varme. Snøen legg seg litt på flatene, men vegane vert stadig meir bare. Det har vore eit blaff med frost og glaserte vegar, men det gav seg att. I dag var det mest vatn og slaps gatelangs. Det har ikkje vore ein drope regn så langt i år, men likevel var det våt asfalt dei fleste stader i dag, og der det før var is framfor UNIS var det no mest sørpe.
Eg prøvde å klyva opp på Hiorthfjellet i dag. Eg snudde i den fyrste bratte kneika, nokre få hundre meter frå TV-mottakarhuset, sidan lyset var fullstendig flatt, og sporet forsvann i eit lag nyleg påblåst snø som minte faretrugande om prima snørasmateriale. Nett då eg hadde kome meg ned igjen til motorkjelken klarna det opp ein liten augneblink slik at eg kunne sjå at sporet dukka opp att hundre meter eller så lenger opp frå der eg hadde snudd. Men eg fekk i det minste fotografert eit fagert lysspel på fjorden, så det var ikkje heilt meiningslaust.
Våren kjem fyrst på vegane i Longyearbyen, så på resten av øya. Ikkje så rart, kanskje, vegar er ofte isolerte frå bakken under på godt og vondt. Då eg køyrde for å tanka vart det vondt. Det er fint lite igjen av løypa bort til bensinstasjonen. Eg kan godt venta til neste sesong med å køyra dit. Det kan godt vera det er mogleg å dra på langtur ut mai, men frå neste veke er det ikkje sikkert det er mogleg å kryssa Longyearbyen. Fjella svartnar time for time. Det er nok på tide å tinga sommarplass til Helga.
