Daily Archive for May 23rd, 2008

Siste tur

Det er på tide å gje opp håpet om skuterturar, men eg fann ut at eg skulle prøva meg på ein siste tur til Hiorthfjellet, på andre sida av fjorden, før eg sette Schnell-Helga på stallen. Det gjekk ikkje så altfor bra. Det øvste laget av Adventdalen har stort sett tint, så det var vanskeleg å finna eit kryssingspunkt. Turen dit foregjekk om lag slik:

Kart over den siste snøskuterturen i 2008

  1. Hit ville eg
  2. Start
  3. Sett seg fast, kom laus med eigen motor
  4. Ut i dalen
  5. Her var det litt vatn, ja. Får halda meg til løypa nær vegen.
  6. Kor vart det av løypa? Var det denne?
  7. Kanskje det ikkje var det.
  8. Nei, det var det nok ikkje. Her var det vått.
  9. Nei, her er det vått.
  10. Greit, dette går ikkje. Men eg kan ikkje stoppa heller, for eg køyrer på sørpe og vatn.
  11. Å faen.
  12. Løype eller ikkje: Tilbake til bilvegen.
  13. Faen til vatn. Fortare. Fortare!
  14. Puh. Trygg grunn. Berre ikkje velt i svingen.
  15. Nei, dette er ikkje meining i. Her kjem eg ikkje over nokon stad. Køyr heim.
  16. Fyll opp tanken, less av bagasjen.
  17. Køyr i retning lagerhallen.
  18. Atte, det er ikkje snø her.
  19. Vel, så køyrer me på grusveg. Stakkars Helga.
  20. Au. Gruslyden gjer vondt i øyrene.
  21. Ved Rubbhallen. Parker. Trask heim.

Ein tøffare sjåfør enn meg hadde nok kome seg over, men eg likar ikkje så godt å køyra over vassgroper som eg ikkje anar djupna på eller grunn som sviktar under skuteren. Eg er heller ikkje så glad i kjensla av skuter som søkk sakte ned eller som berre grev seg djupare ned når eg gassar på.

Så langt kom siste turen. No er det ikkje meir leiking med Helga før neste mørketid.

vaar-005

vaar-004

vaar-001

vaar-002

vaar-003