Daily Archive for July 16th, 2008

Tutarhorn

Eg har visst klart å skaffa meg ein slik, i eit anfall av feriepengar. Kva ein så lite kyndig spelemann som meg skal med alle desse instrumenta er uvisst.

Ein altsaxofon.

Eg kjøpte dingsen frå Hanson Music, som kanskje er meir kjent som klarinettmakar. Ut frå min ringe forstand er det eit brukande horn, og svært rimeleg til veggpryd ikkje å vera. Leveringa til Svalbard gjekk på nokonlunde vanleg vis. DHL lova levering innan to dagar og brukte ni, men det er ganske vanleg at dei som lovar over natta-levering ikkje tek omsyn til vegstandarden frå Nordkapp til Sørkapp i tidsestimatet sitt, så det legg eg lite vekt på. At SAS Cargo, som tok seg av Gardermoen-Longyear-biten, tolka «dør-til-dør» som «hentast på flyplassen» er ei litt anna sak.

Vårteikn

Eit vårteikn her i nord (bortsett frå at bakken vert våt og grøn) er at champagneglaset på Operafjellet kjem fram. Når stetten så ryk er det sumar. Eller noko deromkring.