For ein gongs skuld var det sol og varmegrader, kombinert med bar og ikkje alt for våt mark. Dermed bestemte eg meg for å kontrollera om stang og snelle framleis virka, og om sluksamlinga var like defekt som før.
Geologien her vil ha det slik at det er ganske flatt rundt stranda på begge sider, og dermed er det stort sett langgrunt. Så eg studerte turkartet mitt og fann ut sånn ca. kor det var kortast veg ut til 10 m djup i det området som var mogleg å nå med sykkel (det er ganske lite), og la i veg dit med fiskestong på høgre side av sekken og rifle på venstre, i tilfelle eg møtte ein bjørn som hadde lyst til å leika måke og nappa fisk.
Der det var nokonlunde djupt inne ved land hadde naturlegvis gruveselskapet bygd ein lossekai, dei frekkingane. Sidan dei var i fullt arbeid der turte eg ikkje å gå heilt bort til den plassen som såg best ut på kartet.
Det var ein svært fin dag, med lite vind, varm sol og ein og annan båt som tøffa forbi. Fisken lot seg ikkje skremma til å bita.

Forbipasserande russar med eigen bil.
Sluk og jigg er visst ikkje tingen når det er langgrunt. Wobbler virka derimot ganske bra, dvs. at han i vesentleg mindre grad hektar seg fast. Den eine fisken eg såg dei tre timane eg stod der var dessutan heilt borte i vasslina for å snusa på wobbleren. Eg mista underleg nok ikkje ein einaste sluk, ei heller fekk eg fisk, men derimot fleire kilo vegetasjon. Neste gong prøver eg å koma meg til kolkaien når folk der ikkje arbeider, og kanskje ein dupp med agn.
Dagens bræle er ei and. Det fauk stadig små flokkar med fuglar forbi hit og dit, og ein gakk klarte å fly rett inn i snøret medan eg stod med sluk i botnen og stram fin line. Etter ei ikkje heilt elegant kolbøtte med rygglanding vart fuglen liggjande og duppa i vatnet så lenge at eg vart redd han var alvorleg skadd, men då eg vurderte å ta fram rifla og gjera slutt på kreket tok han til vettet og flaug avgarde.



Kingdom of Loathing