Det er ein sak som har undra meg lenge når det gjeld musikk: vibrato. Kvifor?
Det vert sagt at det gjer songen finare. Det er jo ikkje heilt enkelt å vurdera sjølv, sidan det er såpass uvanleg med daglegmusikk1 utan denslags. Heldigvis hender det at ein songar (evt. songarinne2) syng ein lang tone som startar utan vibrato, men glir over i det. Det er ein fin effekt, men understreker samtidig at songaren berre brukar halve effektspektrumet når han så sjeldan vågar seg til å synga utan, og aldri torer å synga meir enn ein halvnote utan.
At eg utfrå det omtalte lite tilgjengelege datamaterialet synest sin vibrato er finare enn con vibrato er vel klarlagt no.
Av og til høyrest vibrato berre ut som ei krykke songarar brukar for å skjula at dei ikkje kan halda ein tone3. Å bruka omtalte overgang ofte forsterkar denne effekten. Eg har inntrykk av at instrumentalistar er flinkare til måtehald, så det vert ikkje plagsamt mykje av det i t.d. instrumentaldjæz slik det gjerne vert i synginga.

0 Responses to “Vibrato”
Leave a Reply