den femte oktober. I dag har eg vore med på båttur til Sneheim, som er eit gamalt hus frå då det var gruvedrift i Hiorthfjellet. Det var ikkje frykteleg langt, men derimot rikeleg bratt. Utsynet er i teorien flott, men det stemmer ikkje heilt når det er såpass snøvêr at flyet ikkje kunne landa.
Det kan vera bale å koma seg til Sneheim, sidan å spasera over fjorden krev langt strengare kulde enn me har no, eller nære familiære band til Vårherre. Derimot er visstnok Adventdalen såpass frosen no at det skal vera heilt trygt å gå over, og ein rypejeger me møtte hevda til og med å ha sykla over. Men me som var på denne turen fekk båtskyss. Det var Svalbard turn som skipa til turen til den minst tilgjengelege posten på sommarens topptrim. Det var ikkje så gale med snø oppi høgda. For lite til å stå på ski, men nok til at det var umogleg å vurdera fotfestet. På den andre sida var ikkje det så nøye, for det var jamt over slett pga. dei flate lause steinane som dekker alle fjellsidene. Og det har snøa meir i løpet av dagen og kvelden.
Sidan vêret var så lite strålande gløymte eg reint å ta gode bilete, men her er eit par illustrasjonar:

Sneheim er den svarte flekken til høgre ca. midt på fjellsida.
Kvelden nytta eg til å sjå den fjerde Indiana Jones-filmen. Den var artig nok, sjølv om det var rikeleg med detaljar å pirka i, så som at nei, magnetfelt oppfører seg ikkje heilt slik, og hadde ein ikkje blyhagl i haglene på femtitalet, og ikkje stålhagl som den godaste Indy brukar til å finna denne magneten? Ein svært selektiv magnet, som altså ignorer bagatellar så som som ein over kuben av avstanden, og som gjerne trekker på spenna i ei geværreim, men ikkje sjølve geværet. Eller at på femtitalet kunne ein meia folk ned med maskinpistol utan at det kom ein drope blod nokonstad.
I helga vart det ein del festing: På fredag hadde Jeff og Lisa skilsmisseparty med full bryllupsoppstasing, og i går var det isbrytarfest på UNIS. Eg er stygt redd for at den siste festen får mange bilete ut på fjaseboka.

