Forteljinga om ei dørmatte

Dørmatta mi, med FC Bayern München-logo

Dørmatta mi


Det over er altså dørmatta mi. Ho følgte med kåken, og fungerer om lag slik dørmatter skal fungera.

No til dags er det som kjent fotball-VM, der Tyskland har gjort det respektabelt så langt. Kanskje ikkje alle er så glade for det? Då eg tok inn avisa på laurdag var dørmatta snudd opp-ned. Det var enkelt å retta på. Når eg så kom heimatt frå fest sundag morgon var dørmatta vekk. Det var litt vanskelegare å fiksa, men eg fann henne til slutt i eit av bosskura i bakgården. I dag tidleg var det ikkje noko avis. Derimot var dørmatta opp-ned igjen. No har ho søkt asyl inne i kåken til fotball-VM er godt overstått.

This entry was posted in Gah!. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>