Ein måte å laga kake på

Det finst mange måtar å laga kake på. Her er ein av dei. Du treng mellom anna:

Ingrediensar: Mørk sjokolade, egg, mjøl, sukker, chilipulver.

Figur 1: Ingrediensar.

  • 150 gram mørk sjokolade
  • 120 gram smør
  • 3,0 egg
  • 350 gram kveitemjøl
  • 300 gram sukker
  • Litt chilipulver (etter smak)
  • Ei klype grovsalt

(Det vert rett nok ikkje feil å bytta ut 20-30 gram sukker med vaniljesukker. Det går også fint å bruka 50 gram mindre sukker. Sunt vert det uansett ikkje. Det er ikkje så nøye kva slags sjokolade som vert brukt, men ikkje billegaste sort, og ikkje mjølkesjokolade.)

Reiskapar:

  • Bakebolle til å blanda turrvarer
  • Stor metallbolle til å smelta sjokolade i og til å blanda ihop i
  • Kjøkenvekt
  • Sjokolade- og smørsmeltefasilitetar, t.d. ein kjele kokande vatn
  • Eltereiskap, t.d. miksar, kjøkenmaskin eller sterk arm med sleiv
  • Bakeform, gjerne av silikon
  • Aluminiumsfolie
  • Slikkepott, teskei, kniv, ymse fjask
  • Steikeovn som maktar 448 K (175 °C)

Bryt sjokoladen i små bitar, og legg i metallbollen i lag med smøret. Sett oppå vasskjelen. Dette smeltar mykje raskare om du rører, men bland det turre fyrst.

Figur 2: 150 gram sjokolade. Sånn omtrent.

Figur 3: 120 gram smør. Ikkje margarin.

Figur 4: Sjokolade- og smørsmeltar: Metallbolle over varmt vatn.

Ha sukker, mjøl og chilipulver i ei bakebolle. Saltet skal ikkje i. Rør om så det vert jamt fordelt.

Figur 5: Kveitemjøl.

Figur 6: Sukker.

Figur 7: Chili.

Figur 8: Chili.

Figur 9: Turrvarer. Mjøl, sukker, chilipulver.

Litt om chilipulver
Kva som er «litt» chili kjem an på mange ting, t.d. kva slags chili ein brukar, kven som lagar, kven som skal eta, og kor sterk middagen var. Chilipulveret eg brukar er dugeleg sterkt, og ein stad mellom ei halv og ei teskei vert heitt. Dersom du ikkje handlar krydderet ditt på innvandrarforretningar, men t.d. på Kiwi eller Rema, vil du sannsynlegvis få eit mykje svakare pulver, som du då må bruka ein del meir av viss du vil ha like mykje futt som her. («Etter smak» kan sjølvsagt også tyda «ingenting», om ein foretrekker det. Kaka vert ikkje vond.) Men fortvil ikkje, det vert råd å smaka til seinare (men det krev litt meir arbeid og omsut for å få det jamt etterpå).

Har smøret og sjokoladen smelta enno? Rør om til det har smelta heilt. Deretter tek du smeltebollen av gryta, og gjer klar til å blanda turrvarene oppi.

Figur 10: Dette har ikkje smelta enno. Rør litt meir.

Figur 11: Klar til å elta inn det turre.

Figur 12: Smak til krydderet, og etterkrydra om naudsynt. Så kan du ha i egg.

Når du har fått noko som liknar på den halvturre smuldredeigen over er det på tide å smaka om krydderet er passeleg, dersom du hadde i chili. Om du krydrar meir, så prøv å strø krydderet tynt utover før du eltar det inn. Viss ikkje kan du gå rett til neste steg, som er å ha i tre egg. Fortrinnsvis utan skal. Elt alt til ein seig fin deig.

Figur 13: Ha i litt grovsalt.

No har du fått ein fin deig. No kan du ha i ca. ei halv teskei grovsalt, viss du vil gjera kaka litegranne meir spanande. Strø det så jamt og tynt som råd er utover deigen og elt det inn, men ikkje elt lenge. Saltet skal ikkje bli oppløyst.

Figur 14: Overfør frå bolle til form.

Figur 15: Kake i form, klar til å ovnast.

Ha røra i ei høveleg form. Sjølv sver eg til silikonformer, det er nesten uråd å brenna noko fast i dei. Denne kaka set seg med fryd og glede fast i metallformer.

So er det på tide å steika. Det vert lett steinskorpe på denne kaka. Dette kan unngåast ved å dekkja forma med aluminiumsfolie og ta av denne ca. halvvegs i steikinga. Sleng inn i høveleg steikeovn som held 448 K (175 °C). Eg steiker vanlegvis kaka i mellom 40 og 45 minutt, men dette kan variera ein del med ovn og form. Kaka er mjuk når ho kjem ut, men vert ein del hardare når ho vert kald.

Fin saus om kaka skal etast rett frå ovnen: Legg sjokoladeruter oppå kaka og la stå i fem til ti minutt. Kvelv forma over på eit fat. Vonaleg har sjokoladen smelta. Server gjerne med heit kaffi og kald vaniljeis.

Parameterrom som kan utforskast
Det er sjølvsagt mykje som kan triksast med i denne oppskrifta. Du kan til dømes prøva:

  • Krydra med ingefær.
  • Bruk mintsjokolade til saus.
  • Dekorer med høvelege gras, t.d. fersk chili eller mynteblad.
  • Steik kaka i muffinsformer. Då tek det berre ca. 20 minutt i ovnen, og du treng ikkje dilla med folie.
  • (som nevnt over) bytt gjerne ut ein del sukker med vaniljesukker.

Eg har også lyst til å testa sjokkfrysing av muffinskaker dyppa i smelta sjokolade, men eg har diverre ikkje tørris eller flytande nitrogen i fryseboksen min.

Næringsinnhald:

  • Feitt: Dugeleg
  • Karbohydratar: I rikt monn
  • Protein: Også til stades
  • Vitaminar: lol

Denne kaka har hatt mange namn. Nokre døme: sjokoladekake sidan det er sjokoladekake; keisarkake sidan eg fekk den opphavlege oppskrifta i Longyearbyen av ein tysk medstudent som under eit fylleslag erklærte seg keisar av dobbeltmonarkiet Austerrike-Svalbard; chilikake fordi det er raudt moropulver i; og ikkje minst arteriekake sidan arteriane dine tryglar om nåde kvar gong du tek ein bit.

Ingrediensar: Mørk sjokolade, egg, mjøl, sukker, chilipulver.

Ingrediensar.Ingrediensar.

This entry was posted in All warm and fuzzy, Blubber and tagged . Bookmark the permalink.

2 Responses to Ein måte å laga kake på

  1. Gudrun says:

    Når tenkte du å ha demonstrasjonskonferanse på Stord?

  2. Åsmund says:

    Veit ikkje heilt. Til jul?

Leave a Reply