Sengebeinskiftetid

Rammemadrasser frå IKEA er så viseleg innretta at når du setter bein på kan du ikkje vippa dei ned i horisontal eller opp igjen, for då får du for stor last på beina i heilt feil retning, og så risikerer du å knekka beinfestene av madrassen. Det er noko upraktisk om så skjer. Ein må difor vera to til å venda, og løfta madrassen heilt av golvet i staden for å vippa mot veggen.

Dette er litt tungvint viss ein skal setja nye bein på rammemadrassa si og ikkje har assistanse umiddelbart tilgjengeleg, t.d. fordi klokka er halv tolv om kvelden. Men det viser seg at det går an, viss ein er passeleg sterk, å løfta madrassa nokre grader opp slik at ein kan krypa under, og deretter løfta opp madrassen medan ein prøver å krypa rundt under. Litt som ein bilmekanikar under ein bil, bortsett frå at bilmekanikaren gjerne ikkje treng å bera bilen på armar og kne medan han akar seg rundt under bilen, men tvertimot har ein høveleg jekk eller lift til det formålet.

Undermadrasskryping er tungt, men gjerbart. Endå litt meir tungvint når det viser seg at dei nye beina, som til liks med dei gamle er spesiallaga til nett den sengeserien, er ørlitegrann for breie for sporet og må spikkast til. Men det kan gå det også, viss ein har tollekniven tilgjengeleg. Ein har vel tollekniven tilgjengeleg?

Sjølvsagt. Han heng rett innanfor døra, der han til dagleg tenestegjer som brevopnar og som samtaleemne for gjester som lurer på kvifor eg har ein kniv hengande på dørklinka. Han bør kanskje slipast. Han beit ikkje imponerande godt frå seg i treverket.

This entry was posted in Gah!, Technicalities and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>