Archive for the 'Svalbard' Category

Eit gløtt frå Nordpolet

Snjo

Den siste veka har eg sett på korleis snøen har lagt seg som eit tynt kvitt dryss langs kanten av fjella, og korleis snøkanten sakte klatra nedover etterkvart som ein såg innover Adventdalen.

I dag var det kvitt på bakken i låglandet. Vinteren nærmar seg. Kanskje han kjem før jul denne gongen.

Ting som skjer på Svalbard

Rett bortanfor døra mi, attmed trappa, ligg ein plastpose. Han har vore der sidan påske.

Oppi plastposen ligg det tolv boksar.

To brus. Ti øl. Brusboksane har revna i kulda som var. Ølboksane er heile.

Smeltartid

Eg var i Pyramiden i går. Der var det fullt av måse. Dei hadde omdefinert to av blokkene til fuglefjell. Å navigera over ein isbre i slett sikt der alt eg har å sjå etter er sporet til sida for meg, sidan sporet framfor meg er usynleg, er … artige greier.

Smeltartida har byrja. Det var merkbart mindre snø i Longyearbyen då me kom att enn då me drog ut, og verre var det i dag. Eg må nok snart setja Helga på stallen. Helst medan det enno er snø mesteparten av vegen dit. Pyramideturen var ein betre sesongslutt enn i fjor.

1. mai

http://svalbardposten.no/nyheter/fin-1-mai-markering
Rett bak fana, iført raud jakke og blank barysax, går eg.

Eit samandrag av mørkret

Det er sørgjeleg varmt for tida (-2 °C) og midnattssola er i full fyr, så det er nok diverre ikkje lenge til våren startar. Dermed kan det høva med ei oppsummering av den mørke delen av vinteren.


24. januar: Ettermiddagstur til Sukkertoppen
vinter09-001

Utsikt over fjorden
vinter09-002
Det var visst nokre fjell der borte likevel. Det er overskya vêr, og det einaste ljoset som finst er kunstig ljos frå Longyearbyen. Både fjorden og fjella var plent usynlege med auget.

vinter09-003
Motorkjelkar på breen.


26. januar: Klokka er midt på dagen og takluka er open.
vinter09-004

vinter09-005

vinter09-006

vinter09-007
Og desse to bileta er ein viktig grunn til å ha polarisasjonsfilter. Dei er tekne med få sekunds mellomrom, einaste skilnaden er at polafilteret har rotert.


31. januar: Utepils.
vinter09-008

vinter09-009


7. februar: Det går mot ljosare tider
vinter09-010

Bøgda sett frå TV-reléet på Hiorthfjellet.

vinter09-011
EISCAT, KHO, gruve 7.

vinter09-012
Sneheim og Hiorthfjellgruva.

vinter09-013
SvalSat på Platåfjellet.

vinter09-014
Malu, og eit TV-relé.

vinter09-015
Bøgda sett frå andre sida, oppå Longyearbreen.


10. februar: Isbading med skuterdress.
vinter09-016

vinter09-017

vinter09-018


22. februar: Sol!
vinter09-019

vinter09-020

vinter09-021

Vassrett solnedgang

No som det snart er midnattssol vert solnedgangane litt underlege. Sånn litt før elleve i kveld stod eg og såg på sola som gjekk nesten vassrett bak fjella på andre sida av Isfjorden, og gøymte seg bak eit fjell og gløtta så fram att før ho sneik seg bak det neste. Det var som om ho leikte gøymsel i staden for å gå ned. Som om ho ikkje ville heim og leggja seg.

Vinteren er heldigvis ikkje over

og snøen i Barentsburg er kvit. Det var faktisk litt overraskande. Dei har kanskje fått orden på kraftverket sitt.

Winter bath

This is fun. And insanely cold. Not while I was in the water, but when I was walking back to safe ground across questionable ice. I’d advise not not fuck up royally and discover that your spare boots are not in your carefully packed bundle of dry warm clothes. It’s not very dangerous, but the cold is painful.

Det er noko der ute

Eg kan sjå ut av kontorglaset mitt. Det hjelper.
kontorglaset

Blåning

No er det såpass til blåskumring midt på dagen at ein kan sjå ganske bra viss det ikkje er for mange skyer, så eg sneik meg opp på taket i går for å fotografera litt. Eg trur det vart brukbare klisjébilete, men sidan Macen min havarerte for eit par veker sidan, er det litt kronglete å leggja ut noko før eg får transplantert inn ny harddisk og installert alt fjaset på nytt.

Og sidan det snart vert dagslys har eg også skaffa meg ei dagslyslampe, sidan dette med døgnrytme har vore heller vanskeleg i det siste. Eg eg litt usikker på kva den lampa gir som ikkje to 20W sparepærer kunne gitt, bortsett frå litt kaldare fargetone og vesentleg djupare hol i kontoen.