Ergonomi
Eg gjekk hen og kjøpte meg eit ergonomisk tastatur medan eg likevel var i gang med å kjøpa nye delar til macboka. Det er ei ganske interessant oppleving. Det er ei mykje større ulempe på dette tastaturet å ikkje kunna tøtsjmetoden. Ad hoc-tifingermetoden eg har vent meg til fungerer ikkje heilt lenger. Undrast på om det vil vera eit godt høve til å læra dvorak, sidan eg likevel må læra tastaturet kvartvegs på nytt.
Ei ufullstendig innføring i andre juledag-pubtur-etikette
- Handhelsa: Høfleg.
- Ta av seg hansken for å handhelsa: Ekstra høfleg.
- Ta på seg hansken for å handhelsa: Særs uhøfleg.
Ny Ubuntu
Det kom ny utgåve av Ubuntu Linux i går. Eg har starta oppgraderinga på linuxboksen, det skal verta spanande å sjå kva som er fiksa og kva som er brekt i denne utgåva.
Resultat så langt: Trådlausnettet gjekk frå ustabilt til stabilt nede, og etter eit par omstartar og ein dags venting tok det seg bryet med å virka, men grundige stabilitetsmålingar er ikkje gjort enno.
Ondemand services
Sidan allheilagsnatta er over oss:
På den gamle jobben min var det ein del snakk om on-demand-tenester ei stund. Eg trur det var snakk om ondemand-oppretting av virtuelle maskinar på tungrekneanlegget, for å sleppa å ha dedikerte maskinar som stod og produserte varme til fånyttes heile tida. Eller som eg ikkje kunne la vera å feillesa det: Onde-mand-tenester på tungrekneanlegget.





Kingdom of Loathing